Personvern

Personvernerklæring

Ansvar for personvern
Denne nettbutikken, www.rorvikfloten.no, er eigd og drive av Rørvikfloten AS, Haukedalsvegen 3, 6818 Haukedalen, Noreg. Dersom de har spørsmål angåande personvern kan de kontakte oss på e-post: rorvikfloten@gmail.com

Rørvikfloten AS er ansvarleg for korrekt behandling av personopplysningar og vi lagrar og behandlar desse i samsvar med personvernlova. Vi har ikkje ansvar for korleis eksterne aktørar, som vi samarbeidar med og som du kan velje å nytte når du besøker vår nettbutikk, lagrar og behandlar personopplysningar.

Betaling
Rørvikfloten AS nyttar seg av betalingstenesta iZettle i vår fysiske butikk. Nettbutikken vår er bygd ved hjelp av Shopify og nyttar betalingstenesta Stripe. Shopify og Strie er dermed med på å handtere personleg data tilhøyrande besøkjande til vår nettbutikk. For informasjon om korleis Shopify og Stripe handterer dine (altså besøkjande på vår nettbutikk) sine personopplysningar, sjå deira personvernerklæringar. Der står der også om kva rettar du har når det kjem til innsamling av dine personopplysningar, blant anna har du rett til å få innsyn i desse, å korrigere desse og avgrense desse.

Formål med behandling av personopplysningar
Personopplysningane du oppgjev til oss, ved bruk av vår nettbutikk, kan brukast til forskjellege formål og det avheng av ditt forhold og din bruk av vår nettbutikk www.rorvikfloten.no. Til dømes:

  • Nyttast til å gjennomføre dine bestillingar
  • For å gjere ditt besøk til vår nettbutikk meir personleg
  • For å informere deg om tilbod og andre tenester
  • For å behandle e-postar til vårt kontaktskjema

Meir om lagring av e-post: Ved ei bestilling får du som kunde moglegheit til å krysse av for om du ynskjer å få tilsendt e-poster i framtida med tilbod og anna relatert informasjon. Vi tar då vare på din e-post for å kunne gjennomføre dette formålet. Du kan når som helst be oss om å slutte å sende marknadsføring til deg, og be om å få din e-post sletta slik at vi ikkje lenger vil lagre den til dette formålet.

Innsamling av personopplysningar
Innsamling av personopplysningar skjer i samband med bestilling av varer på vår nettstad, då dette er nødvendig for å kunne gjennomføre dette formålet.

Ettersom vi nyttar Shopify og Stripe, vel vi her å vise til deira personvernerklæringar der det står skrive om kva informasjonen dei behandler om deg som kunde, for kva formål og korleis det er loveleg for dei å gjere det. I deira personvernerklæringar kan du også lese utfyllande om dine rettar og korleis du kan gå fram dersom du ynskjer ei endring av korleis dine personopplysingar blir behandla. 

Dine rettar
Du har rett til å bli informert om og få innsyn i kva opplysningar Rørvikfloten, Shopify og Stripe har registeret om deg:

  • Du har rett i få desse personopplysningane korrigert
  • Du har rett til å få ein kopi av dine personopplysningar
  • Du har rett til å få dine personopplysningar sletta dersom dei ikkje lenger er relevante eller nødvendige for å oppfylle formålet dei vart samla inn for, altså bestilling av varer i vår nettbutikk, eller dersom behandlinga av personopplysningane er ulovleg
  • Du har rett til å få avgrensa behandlingane av dine personopplysningar
  • Du har rett til å trekke tilbake ditt samtykke dersom vi behandler dine personopplysningar basert på ditt samtykke e.g. lagring av di e-post adresse til marknadsføring
  • Du har rett til å levere inn ein klage til tilsynsmyndighet

Betaling
Ved bestilling av varer på vår nettstad betaler ein med kortbetaling. Vi nyttar oss av betalingstenesta Stripe til å gjennomføre dette. Ved å betale aksepterer du bruken av Stripe og at dette er ein eigen aktør med eigne retningslinjer og ein eigen personvernerklæring. Dersom du ynskjer at denne aktøren skal slette din data, innsamla i samband med betaling, må de kontakte Stripe direkte.

Informasjonskapslar 
Dei aller fleste nettstader brukar informasjonskapslar. Dette er små tekstfiler som blir plassert på datamaskina di, og blir brukt for å forbetre din brukaroppleving på nettstaden. For vår nettbutikk har vi valt å bruke Shopify for å bygge og utvikle denne nettstaden. Dermed blir Shopify sine informasjonskapslar brukt på denne nettbutikken. Du kan lese meir om dette på deira nettsider.

Andre nettstadar
Vår nettstad, www.rorvikfloten.no, kan innehalde lenkjer til andre nettstadar. Denne personvernerklæringa gjeld derimot berre for vår nettstad.

Oppdatering av personvernerklæring
Vi vil jamleg gå igjennom vår erklæring for personvern. 
Denne erklæringa vart oppdatert i september 2022.  

Alle spørsmål du har knytt til personvern kan sendast til vår e-post: rorvikfloten@gmail.com