Om oss
Velkommen til Rørvikfloten sin nettbutikk! Rørvikfloten er ein kombinert butikk og kafé som har ope i sommarhalvåret i Sunnfjord kommune. Ei av avdelingane til Rørvikfloten er interiør- og gåveartiklar, samt garn og husflidsvarer. Desse varene er no tilgjengelege året rundt på nettbutikken. Å handle via Rørvikfloten betyr å handle lokalt. Rørvikfloten er nemleg ein lokal og familiedrive butikk som ligg vakkert til ved inngangen til Haukedalen, ei lita bygd inst i Sunnfjord kommune. Når ein handlar lokalt er ein med på å støtte små bedrifter som har røter i lokalsamfunnet. For mange er Rørvikfloten ein fin samlingsplass med kafé i sommarhalvåret og sosiale arrangement ellers i året. Vi set dermed stor pris på alle våre kundar som bidreg til at dette er ei mogelegheit på ein liten stad som dette. Tusen takk!
Har du lyst å følgje oss på sosiale medium?
Vi er på både Facebook og Instagram @rorvikfloten