Kjøpsvilkår

Dette er kjøpsvilkåra for nettbutikken, www.rorvikfloten.no, til Rørvikfloten AS.

Prisar og betaling
Prisane i nettbutikken er oppgjeve i NOK og inkluderer mva.

Betaling i nettbutikken skjer trygt igjennom betalingstenesta Stripe eller Vipps. Vi har også nytta oss av plattformen Shopify for å bygge nettbutikken. Ettersom Stripe og Shopify er eigne selskap, har ikkje Rørvikfloten AS ansvar ved eventuelle tekniske feil som skulle oppstå hos Stripe, Vipps eller Shopify. For å lese om behandling av personvern i samband med betaling på vår nettstad, les vår Personvernerklæring. 

Partane

Seljar er Rørvikfloten AS, Haukedalsvegen 3, 6818 Haukedalen.  E-post: rorvikfloten@gmail.com, telefon: +4791592800, organisasjonsnummer: 913855183

Kjøpar er den forbrukaren som føretek bestillinga.

Bestilling
Ved bestilling må ein som kunde krysse av for at ein godtar våre kjøpsvilkår. Ved gjennomføring av ei bestilling godtar du dermed våre kjøpsvilkår. Ved bestilling vil du få ein automatisk generert e-post med stadfesting av din ordre. Det er dermed svært viktig at du ved bestilling av varer legg inn korrekt e-postadresse slik at du mottek denne stadfestinga. Ei bestilling er gyldig og bindande når stadfestinga er motteke på e-post. Les seksjon Reklamasjon og Vi tar visse atterhald, for unntak av dette.

Levering
Vi leverer kun innad i Noreg og har f.o.m. 9/12-22 ein standard fraktpris på 79,- NOK ved kjøp opptil 899 NOK. Ved kjøp over 899 NOK er det gratis frakt. Vi sender med Posten.  Leveringstida er normalt 2-5 virkedager, men avheng av helgedager og kor mykje trafikk Posten har t.d. vil det vere naturleg å anta at det tar noko lenger tid i desember. Pakkane blir sendt med sporingsnummer og må hentast på Posten. Ved tilfelle der pakkar ikkje blir henta, blir kunden belaste ekstrakostnaden dette påfører Rørvikfloten AS. Ein kan også velje å hente varene i butikken vår på Rørvikfloten, og ein betaler då ikkje for frakt. Vel i så fall "Klikk og hent" ved betaling. Kundar som ynskjer levering til Svalbard må kontakte oss direkte for eigen fraktpris.

Bestillingsfrist jul:
Vi anbefaler å bestille hos oss seinast innan 15. desember for at din ordre skal nå fram til jul. Vi sender med posten med utlevering til hentestad. Merk at posten si leveringstid avheng av di postadresse, og du kan lese meir om levering dit du bur på deira nettsider. Merk også at det et høgt volum med julepost før jul for transportselskapa, og at dette inneber ein risiko for at gåvene ikkje når fram i tide. Pakking og sending hos Rørvikfloten går som normalt. For å sikre at di bestilling kjem fram i tide oppfordrar vi deg til å bestille i god tid og seinast innan 15. desember. Vi tek forbehold om forseinkingar hjå posten og kan dermed ikkje garantere at gåvene når fram til jul dersom det oppstår forseinkar under transport.

Klikk og hent
Vi tilbyr klikk og hent, men grunna varierte opningstider må ein avtale hentetidspunkt.

Retur
Dersom kunde ynskjer å returnere ei eller fleire varer, må kunden dekke porto. 

Som kunde har du full angrerett i 14 dagar etter kjøpslova. Ved retur må varen vere ubrukt med eventuelle merkelapper på. Dersom varen er sendt med original emballasje, må varen sendast i retur i den originale emballasjen. Ved særleg knuselege varer er det viktig at desse er hensiktsmessig beskytta for å tåle å bli sendt i posten. Vi oppfordrar å sende returar med sporingsnummer for å unngå at dei eventuelt blir vekke i posten. Det går også å returnere direkte i butikken. Returbeløpet vil bli betalt så snart vi har motteke vara. Ta gjerne kontakt med oss ved ein retur dersom de ynskjer å finne ei anna tilsvarande vare.


Reklamasjon
Vi har ansvar for at varen er i utmerka stand når den blir sendt i frå oss, og sjekkar varene nøye før vi sender varene med Posten. Dersom det skulle vise seg å vere feil eller manglar på ei vare, blir det gitt reklamasjon. Kunden må ta kontakt om dette i rimeleg tid etter å ha motteke varen. I så fall, ta kontakt med oss på e-post: rorvikfloten@gmail.com eller nytt deg av kontaktskjemaet vårt ved ein eventuell retur av reklamasjonen. Vi vil då hjelpe deg med å finne ei tilsvarande vare om sortimentet har det på det gjeldande tidspunktet, og dekke returkostnadar. Ved reklamasjon har ein også rett på å få tilbakebetalt beløpet for den gjeldande varen. Ein kan dermed antan få ei tilsvarande vare eller tilbakebetalt beløpet for gjeldande vare.

Skadar under frakt
Vi sender våre varer med Posten. Dersom de oppdagar synlege feil ved emballasjen er det viktig at de tar med den skada vara eller dei skadde varene til Posten i original emballasje/ slik pakken vart sendt. Dette må skje innan rimeleg tid, slik lovverket tilseier. På denne måten kan Posten utføre ein kontroll. Deretter må de fylle ut eit skjema som de anten får på posten eller på deira nettsider. Dette må gjerast slik at vi kan få erstatta vara og/ eller varene. Send oss også ein e-post (til: rorvikfloten@gmail.com) med opplysningar om skaden og foto av skaden. I e-posten må ditt ordrenummer leggast ved. Dersom det blir bekrefta på Posten at skaden har oppstått ved frakt, sender vi deg ein ny vare kostnadsfritt eller du kan be om å få pengane tilbake dersom vara du bestilte er utsolgt.

Vi tar visse atterhald:

  • Fargar på bilete kan avvike i frå verkelegheita
  • Bileta av varene kan oppfattast noko ulikt avhengig av kva dataskjerm/ mobil eining du er på, og vi tar atterhald mot slike forskjellar
  • Ettersom lageret vårt blir regulert elektronisk, kan avvik forekomme ved t.d. teknisk feil.
  • Skrivefeil i nettbutikken
  • Varen kan vere utsolgt. Ditt kjøp vil i så tilfelle bli refundert dersom 1) du ikkje ynskjer å vente på påfyll av varen, eller, 2) varen ikkje vil bli påfylt. 

Ta gjerne kontakt med oss dersom de har spørsmål eller sjå våre Ofte stilte spørsmål. Vi ynskjer at våre kunder skal ha ein triveleg og vellykka handel, og ynskjer å vere til god hjelp. Kontakt oss via vårt kontaktskjema eller send oss ein e-post til: rorvikfloten@gmail.com